fredag 11. juli 2008

Perlebrylllups fest


Santhans var me beden til Skorpo, for å feire perlebryllup til min svigerinne og svoger. Det var elste sønnen deiras Øystein og svigerinna mi Marit, som var hovedpådriver for festen. Me blei henta med privat båt i Uskedalen, frakta over til Skorpo. Alle måtte gjøyme seg inne i styrehuset då me paserte hytta til perleparet.
Her er venner og famillie på vei opp til hytta for å overraske Bente og Arne perleparet.
Dei hadde begynt å lure lit når båten kjørte så langt ut frå øya, og så hadde dei kjikra på oss men kunne ikkje sjå kven som var ombord.Det blei vaffler og kaffi på terassen på hytta i Pærehagen. Fin plass, og den flotte utsikta til alle fjella i Kvinnherad.Bålet på kaien blei kjempefint. I år var det Eldhuset som var resauret, så den gamle materialen blei til santhansbål. Det er alltid noko på gang på Skorpo.
Det er Marit og Oskar som styrer garden på Skorpo, dei har mange fine Angus kjyr på øya. Her blir det kaffe på gammeldags vis, den var kjempegod.

Alle som var beden til festen hadde med noko til koldtbordet. Det var kjøttkaker, røkelaks, sommerskinke, spekemat, pastasalater, kabare, krydderbrød, og mykje anna godt. Ein veldig lur måte og stelle til fest.Selfølgeleg var det også kaker av alle slag, ikkje noko tul.
Eg hadde med gullerotkake og sommarskinke, og så ein pakke te til perleparet.
Sommarskinke på fat, frista eller?

Bente og Arne, det fine paret. 30år i lag.
Me kosar oss atmed bålet på kvelden, til fin trekkspelmusikk frå Arne.

Meg og Svein inne i partyteltet. Takker for ein fin Santhans, kjem gjerne igjenn neste år.



Ingen kommentarer: