søndag 30. mars 2008

Studentludo

Her er min Studentludo, laga etter ein ide av min mors broderte ludo.
Ho hadde fått ideen av søstera si, som igjen hadde fått den av sin kjære,
altså min onkel.
Han hadde spela slik ludo med kammeratane sine, i ungdommen.
Som forspel før dei skulle ut på byen.
Eg har vert på ein del sykurs, dette er noko som er veldig kjekt.
Blei inspirert av denne ludoen som mamma hadde brodert.
Broderi er ikkje mi serke side,
så eg tenkte dett var ein god ide å lage ludoen om til quilt.
Hadde lyst til å legge inn ein del, av dei teknikkane
eg har lært på forskjellige kurs.
Og så har eg ein mann som er god på data,
så han blei satt i sving til å hjelpe meg med mønster.
Han er ei veldig tålmodeg og flink sjel.

Det var omtrent på denne tid på året i 2005 eg kom på dette. Så alle symbola er litt vårleg inspirert. Det er lagt inn eit symbol for kvar farge.

Grønn er den heldige, rød hjertelig, gul er litt høgtsvevande og blå er den blomstrende. Symbola går igjen på spilleduken, når ein kjem på sitt symbol i spillet så får ein litt bonus.

Quiltinga er med stoppefot for frihand, litt mål og meining er det jo.

Eg har bruk vilsofix til aplikasjonene, som eg har teikna sjølv.

Duken er montert dobbeltsidig, så det er ein fin nytral sommerduk på andre sida av duken.

Har du lyst til kjøpe mønster? Så er det berre å ta kontakt med meg.

Eg har sydd mange, ideelt til slike som har alt, og fyller år.

lørdag 29. mars 2008

Dyrene på Haga

Askepott er husets katt og dyrenes sjef.
Leo og Askepott, er veldig gode venner,
av og til, når det passer katta.

To fine kaniner ute i hagen, Nina og Milly


Molly er min hund.


Leo og Molly.

Leo er min datters hund.

Teddyer

Her er ein av mine hobbyer, å lage gameldagse teddyer.
Er det nokon i Norge som impoterer pels og ledd?

Nostalgiske vinposer

Torsdag hadde eg fri frå jobben, kosa meg og sydde vinposer. Eg har netopp lært meg å ta ut bilder frå internett, og legge dei inn i eit word-dokument. Dette skriver eg ut på teskjortetrykkepapir.......


Klipper ut det motivet eg ønsker, stryker det på eit passelig nøytralt stoff. Deretter bruker eg småblomstrete bomullstoff , dekorerer med sløyfer og blonder.


Fredag var det jobb igjen.
På fredager har me vinlotteri der me bruker å trekke 3 vin kvar gang. Eg tok med meg 3 vinposer på jobb og hadde flaskene oppi. Damene på jobb blei eksta spente på kven som kom til å vinne i dag. Damene som vant blei kjempefornøgde. Dei andre blei misunnelege.











onsdag 26. mars 2008

Inne på dataen i finværet.


I dag koser eg meg, eg har besøk av ei god venninde. Som hjelper meg med å lage bloggside.