Har fått ein ny tanteonge. Då liker eg sy teppe til den nyannkomne . Pleier å sy vognteppe, men ho hadde fått turkis vogn., turkis er ikkje den fargen eg liker best. Hadde egentlig starta på noko lys rosa, kvitt og grønn. Men desse fargane passa ikkje i det heile. Så eg fann fram noko skarpare fargar. Laga eit stort hjerte i papirsaum, dette har lege på syrommet lenge. Men det var jo den turkise då veit du. Laga etter kvart fleire mindre hjerter, putta nokre stoff rundt om kring. Ja ja noko i den dur, dette blir noko større enn eit vognteppe men eg er jo tanta hennes. Så da blir det eit krabbeteppe og så kan ho også ha det med seg i vogna si. På det store hjertet har eg quilta navnet hennes.
dedtalj av dei små hjertene.
Heile teppet, det blei no fargerikt og fint. Ungar liker skarpe farger.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar