Det var omtrent på denne tid på året i 2005 eg kom på dette. Så alle symbola er litt vårleg inspirert. Det er lagt inn eit symbol for kvar farge.
Grønn er den heldige, rød hjertelig, gul er litt høgtsvevande og blå er den blomstrende. Symbola går igjen på spilleduken, når ein kjem på sitt symbol i spillet så får ein litt bonus.
Quiltinga er med stoppefot for frihand, litt mål og meining er det jo.
Eg har bruk vilsofix til aplikasjonene, som eg har teikna sjølv.
Duken er montert dobbeltsidig, så det er ein fin nytral sommerduk på andre sida av duken.
Har du lyst til kjøpe mønster? Så er det berre å ta kontakt med meg.
Eg har sydd mange, ideelt til slike som har alt, og fyller år.