tirsdag 24. juni 2008

Teppe til Ane

Har fått ein ny tanteonge. Då liker eg sy teppe til den nyannkomne . Pleier å sy vognteppe, men ho hadde fått turkis vogn., turkis er ikkje den fargen eg liker best. Hadde egentlig starta på noko lys rosa, kvitt og grønn. Men desse fargane passa ikkje i det heile. Så eg fann fram noko skarpare fargar. Laga eit stort hjerte i papirsaum, dette har lege på syrommet lenge. Men det var jo den turkise då veit du. Laga etter kvart fleire mindre hjerter, putta nokre stoff rundt om kring. Ja ja noko i den dur, dette blir noko større enn eit vognteppe men eg er jo tanta hennes. Så da blir det eit krabbeteppe og så kan ho også ha det med seg i vogna si. På det store hjertet har eg quilta navnet hennes.
dedtalj av dei små hjertene.
Heile teppet, det blei no fargerikt og fint. Ungar liker skarpe farger.


Her har Ane fått teppet sitt, eg fekk desverre ikkje vere med og overlevere det( var på jobb)




Ingen kommentarer: